Korleis stellar du ung skog riktig?

Ungskogpleie i Kaupanger

Skogbruket har litt ulike skjøtselsmetodar avhengig av kva for eit treslag ein ser føre seg passer best på staden og kva som skal utgjere hovudtreslaget ved slutthogst langt fram i tid. I all hovudsak handlar ungskogpleie på Vestlandet om å fristille grana etter planting. På Vestlandet er det ofte snakk om eit tynningsfritt skogbruk. Vi kallar gjerne ungskogpleia for “hard” då vi set att så få tre som mogleg, som skal produsere mest mogleg tømmer av best mogleg kvalitet.  

I praksis set vi att omlag 150 tre per dekar som skal stå heilt fram til hogst. Om alle tre hadde fordelt seg likt utover arealet, tyder det i snitt omlag 2,60 m mellom kvart tre. I bestandskantar kan vi gjerne sette att så lite som 100 tre per dekar slik at desse får rikeleg med plass til å utvikle ei stor rot og bli eit stormsterkt tre. Viss det er mange av det treslaget som skal utgjere framtidstrea ved hogst, kan du sage ned dei med dårlegast kvalitet. Gran med dobbelttoppar, tydeleg krok på stammen, dårleg vekst samanlikna med artsfrendane rundt kan då gjerne takast ut.  

Fram til no kan ungskogpleie i gran verke ganske skjematisk, vekk med lauv og set att 150 grantre per daa. Men det er litt meir nyansert enn som så. Det er faktisk krav om innblanda 10% lauv granskogen. Også etablering av velstelte kantsoner er det eit krav om. Om det står eitt eller fleire lauvtre i ei klynge og det er stor avstand til næraste gran, kan dette treet sparast. Dei trea vil ikkje utgjere nokon konkurranse mot grana, men kan vere matfat til vilt og elles bryte opp eit einsforma skogbilete. I og med at grana etter kvart vil oppnå ein stor veksthastegheit kan til dømes eit lauvtre som står tett innpå ei gran kappast litt oppå stammen slik at den bidreg med viltmat i åra framover. Uansett vil grana vinne vekstkonkurransen på lengre sikt. 

Ungskogpleie i furu er nokså lik som hos gran. Generelt sett er furua meir tilbøyeleg for produksjon av kvalitetstømmer slik at vi set att fleire tre etter ungskogpleie, ein plass mellom 200 og 250 tre per dekar. Dette krev at vi fylgjer opp med ein eller fleire tynningar der vi fristiller framtidstrea ytterlegare og samstundes kan ta ut tømmer vi får betalt for.  

Ungskogpleie i lauv følger same prinsipp som hos furu. Kvalitetsproduksjon av lauv krev gjerne fleire rundar med ungskogpleie, spesielt viss du har eit naturleg oppslag av lauv på eit areal med mange tre å velje mellom.