Kva kostar tiltaket?

Når vi snakkar om kostnad på eit slikt tiltak blir dette ofte oppgjeve i kr per dekar. Den faste kostanden er kva vi set som timepris på ein person med ryddesag, og prisen per dekar avhenger dermed av kor stort areal vedkomande ryddar per time. I gjennomsnitt er kostnaden ein plass mellom 600 – 800 kr per dekar. Kva du presterer per time avhenger av tretal, størrelse på trea, terreng og din kondisjon. Du klarar nokre dekar per time om det skal skjerast ned ein og annan bjørk i eit granplantefelt i flatt terreng, men Vestlandet byr på gode vekstforhold og bratte lier. I ei bratt li med høgt tretal er produktiviteten lågare og dekarprisen vert større. Dette prinsippet heng saman med driftspris ved hogst, der det er lettare og billegare å hogge i flatt terreng, og dyrare og meir strevsamt i bratt terreng.  

Ein god idé før vi startar opp ryddesaga, er å ta kontakt med kommunen for å kunne setje ein fornuftig pris per dekar, og vurdere om tiltaket let seg gjennomførast innafor dei rammene som kommunane skal vurdere i forbindelse med søknad om tilskot.