Kven kan gje råd?

Ungskogpleie er arbeid som ikkje bør utsettast eller gløymast. Du som skogeigar synes det kanskje vanskeleg å kome i gang med dette når du ikkje heilt veit kor mykje jobb du må rekna med eller korleis dette vert utført riktig. Uansett kan du be om råd frå fagkyndige.   Kommunen sin skogansvarleg er lurt å spørje sidan vedkomande har eit skogfagleg nettverk. Skogkurs er dei profesjonelle når det gjeld kurs og rådgjeving, men og mange skogeigarforeiningar har dyktige rådgjevarar. 

 

Større fokus

Vi hjå Statsforvaltaren ønskjer større fokus på dette viktige arbeidet. Difor vil vi i 2024 bidra til meir rådgjeving som eit supplement til eksisterande rådgjevingsteneste. 

Difor lover vi hermed at alle skogeigarar som vurderer å stelle ung skog og som ønskjer hjelp frå Statsforvaltaren sine fagpersonar i 2024, vil få hjelp. Tar du kontakt med oss, vil vi kunne bidra med: 

  • Synfaring i skogen din og skogfaglege råd for vidare skogpleie 
  • En prat om tilskot og ikkje minst verdien av skogfond  
  • Praktiske råd korleis du kan starte ungskogpleie i din skog

 

Rådgjevarane hjå Statsforvaltaren i Vestland

Bierøkt 120x 120.png

Torleiv Skage
Fana, Bergen


Han har både undervist skogbruk på Stend jordbruksskule og jobba sjølv i skogen en god del. Han liker system og ungskogpleie bør vere systematisk. Han har sett mykje skog og har gode råd å dele med andre.
Ring Torleiv på 97144124
 

fjørfe 120x120.png

Torgrim Østgård
Jølster, Sunnfjord


Til tross for ung alder har han rydda meir i skogen enn dei fleste av oss. Tvers gjennom ei praktisk type med mykje kunnskap om treslag, vekst, skogskader og nødvendige tiltak i skogen.
Ring Torgrim på 90740503
 

frukt og bær 120x120.png

Gro Kampp Hansen
Evanger, Voss


Den danske kvinna med det store hjarte for skogen og masse kompetanse og erfaring. Ho ser alltid etter praktiske løysingar for eit naturnært skogbruk som gjev pengar i kassa og samstundes er økologisk verdifullt.
Ring Gro på 99384710
 

Dirk Kohlmann liten.jpg

Dirk Kohlmann
Fana, Bergen


Han er tysk skogbrukarar med skogarbeidarerfaring og sans for å få ting gjort i skogen. Han har tru på at meir variasjon i treslagvalet vil gje oss betre naturtilpassing og meir økonomisk spelerom i framtida.
Ring Dirk på 41296550

Les også

Råd frå kommunen

Først og fremst finn du gode rådgjevarar i kommunen din. Ring skogbruksansvarleg og ber om ei synfaring i skogen din.

Meir kunnskap frå ekspertane hjå Skogkurs