Kva er ein skogbruksplan?

Ein skogbruksplan er ein plan for å drive skogen på din eigedom. Ein skogbruksplan inneheld ei oversikt over skogen som ressurs, tilrådingar om kva du bør gjere i skogen din og viktige miljøregistreringar du må vise omsyn til.

Ein skogbruksplan inneheld ein rapport med oversikter og tabellar som beskriv skogen, i tillegg til eitt eller fleire kart. Skogeigaren får ofte val mellom å få dette tilsendt i ein papirperm eller som digitale filer (word og pdf) på e-post:

Døme på skogbruksplan

Døme på hogstklassekart

Døme på ortofotokart (kjem snart)

Skogbruksplanar blir òg levert digitalt. Skogeigar får tilgang på eit kart via ein app på telefonen eller gjennom å logge på ei nettside. Ved å trykke i eit kart får du opp informasjon om skogen akkurat der du vel – eller der du står ute i skogen.

Døme på digital skogbruksplan: På sida www.allma.no (bruk denne linken: Priser og bestill | ALLMA) kan du logge på med ein demo-brukar og sjå alle dei mange moglegheitene med digital skogbruksplan.

Les også: