Korleis får eg ein skogbruksplan?

Når det blir starta opp områdetakst i ei kommune, skal alle skogeigarar med meir enn 50 dekar skog få eit brev med tilbod om å tinge ein skogbruksplan.

Dersom det har vore gjennomført områdetakst i kommunen tidlegare, kan du ta kontakt med AT Skog og høyre om eigedomen din blei taksert. Dei kan opplyse om kva det vil koste å kjøpe ein kopi av skogbruksplanen, eller å få planen oppdatert. (link: https://www.atskog.no/skogeier/skogbruksplan/)

På denne nettsida hjå statsforvaltaren kan du sjå status for din kommune.