Må eg ha ein skogbruksplan?

Ja, om du skal hogge tre.

Både lov og regelverk for tømmerkjøparar krev at det er gjennomført miljøregistreringar før det vert utført ein hogst. Ein skogbruksplan inneheld miljøregistreringar. Skogeigar kan anten tinge ein skogbruksplan med miljøregistreringar, eller få utført miljøregistreringar i samband med hogst. Det er berre mogleg å få tilskot til skogbruksplan med miljøregistreringar, og difor vil skogbruksplan oftast vere det billigaste alternativet.

Les meir om miljøregistreringar her.