Kvifor bør eg ha ein skogbruksplan?

Avgjerder du gjer i skogen i dag får konsekvensar langt inn i framtida. Jo mindre du kan om skog – desto meir treng du ein skogbruksplan.

Ein skogbruksplan hjelper deg å optimere dine verdiar/skogsverdien:

  • God planlegging gir betre lønsemd over tid.
  • Hogg skogen når han er hogstmoden, og unngå økonomisk tap ved for tidleg hogst.
  • Skap ein skog med høg tømmerverdi gjennom suppleringsplanting og ungskogpleie.
  • Sikre økonomisk og økologisk berekraftig drift.
  • Ikkje hogg meir enn skogen veks.

Ein skogbruksplan hjelper deg å leve opp til krav i lovverk og sertifisering:

  • Skogeigarar på eigedomar med over 50 dekar skog må ha miljøregistreringar i skog (MiS) for å kunne selje tømmer.
  • Skogeigar må vise omsyn til fleirbruksverdiar (freda kulturminne, turstiar m.m.)
  • Dei store tømmerkjøparane krev at skogeigar følger krava i Norsk PEFC Skogstandard (kantsoner, rovfuglreir m.m.)

Ein skogbruksplan er eit nyttig verktøy i din kvardag som skogeigar:

  • for å vurdere rett kategori for skatting av skog
  • for å vurdere tilbod på hogst
  • ved sal eller overdraging av eigedom (billeg takst)
  • for å vurdere om det er lønsamt å bygge veg