Brann

Brann kan oppstå naturleg, men ni av ti brannar vert utløyst av menneske.

Uforsiktig bålbrenning og grilling er dei vanlegaste årsakene. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har på nettsida sikkerhverdag.no samla grunnleggande informasjon om førebuing og sløkking av brannar. Kva ein må vite om båltenning er også omtalt. 

Men også skogsdrift, spesielt hogst, utgjer ein potensiell risiko for skogbrann. Brann oppstår ved gnister frå belte og kjettingar, boggiar som kjem borti stein, tre og vegetasjon som tek fyr etter kontakt med varme eksosrøyr, steinskjering og annan kontakt mellom metall og stein som skapar gnistar. Brann i maskinar kan sjølvsagt også forårsake skogbrann. 

Ved at det vert teke førehandsreglar er det mogleg å halde fram med skogsdrift, sjølv om det er stor brannfare. Statsforvaltaren i Vestland har skrive om “Skogdrift ved fare for skogbrann”.

 

Skogsdrift, skogbrannkurs og varsling 

Skogbrand er eit skogeigareigd forsikringsselskap som i samarbeid med Skogkurs har utvikla skogbrannkurs for entreprenørar og maskinførarar som nettkurs på skogskolen.no. Desse er tilgjengeleg både for dei som skal ta kurset for første gang og dei som har teke del i fysiske skogbrannkurs med brannvesenet, og som ønskjer å fornye kursbeviset sitt. Les meir her: Skogbrannkurs for entreprenører og maskinførere - Skogbrand  

Det er også mogleg å tinge varslingsmateriell for ekstra stor skogbrannfare på Skogbrand sine nettsider, banner for skogeigarar med skog der det oppheld seg mykje turfolk. Slike flagg og banner skal settast opp for å gje ekstra merksemd i periodar med svært høg skogbrannfare, i tillegg til dei tradisjonelle skogbrannplakatane frå DSB. Dei bør fjernast når faren er over.  

Korleis ein handterer skogdrifta ved ulike fareklassar har DSB samanfatta i ein eigen rettleiar.

 

Skogforsikring og skogfond 

Skadar forårsaka av brann, samt kostnader til sløkking og vakthald vert dekt av skogforsikringa. Skadar på allereie hogd vyrke og skadar på eigedom i samband med sløkking kan også dekkast. Meir om dette på nettsida til Skogbrand. 

Du kan nytte skogfond til betaling av forsikringspremien, i følgje Landbruksdirektoratet.