Skogen er utsett for ulike skadetypar forårsaka av insekt, sopp, dyr, klima mv. Med dei forventa klimaendringane i tida framover, må du rekna med fleire og meir omfattande skadar på skogen din. Det gjeld å vere førebudd på best mogleg måte og samle lokale erfaringar over tid.

Når skaden har skjedd eller du finn eit farepotensial, ta kontakt med skogansvarleg i kommunen.