Skogfond

Skogfondet er ei særs gunstig ordning for skogeigarar.

Når du høgg i skogen din, må du setje av 4% til 40% av bruttoverdien av tømmeret til investeringar i skogen. Avsetjinga vert kalla skogfond og reknast som ei utgift på skattemeldinga. Alle skogeigedomar skal ha sin eigen skogfondkonto.

Når du forynger skogen eller byggjer veg i skogen din, kan du bruke skogfondet til å dekke investeringar. Når du tek ut pengar frå skogfondet, betaler du skatt berre på 15% av beløpet. Hugs at du fekk føre alt som utgift når du sette pengane inn på fondet. Forklart på ein annan måte: Om du investerer 100 kr i skogen og bruker skogfond, får du føre 185 kr til utgift. Om du skattar 22% av skoginntekta (småskogeigarar eller det vi kallar kapitalskogeigarar), vert tilskotseffekten av skogfondet 41%. Om du er verksemdskogeigar og har ein marginalskatt på 37,4%, vert tilskotseffekten heile 69%.

Kanskje treng du å byggje skogsveg før du høgg skogen din?

I mange tilfelle er det sjølvsagt mest rasjonelt å byggje skogsvegen før du høgg, altså før du får høve til å  setje av pengar på skogfondet.- Heldigvis er det mogleg å nytte skattefordelen med skogfond i fire år etter det året du bygde skogsvegen (dette vert kalla udekka investering). Difor er det lurt å planlegge hogst innan fem år etter at du har bygd skogsveg. Etter hogst og innbetaling av skogfond kan du krevje utbetaling av investeringa du gjorde i vegen.

Dersom du nyleg har bygd skogsveg, eller har planar om å byggje, løner det seg å setje av høgste sats, 40%. Om du berre skal plante og utføre ungskogpleie held det normalt å setje av 15 % av tømmeroppgjeret, for å sikre at det er midlar til planting og ungskogpleie etter hogst.

Kor mykje du bør setje av og kor mykje du kan spare ved å bruke skogfond, kan du rekne ut ved å nytte skogfondskalkulatoren.

Investeringar med skogfond

Skogfondet kan du nytte til mange ulike skogrelaterte investeringar, mellom anna kjøp av planter, plantearbeid, ungskogpleie, skogsvegbygging og -vedlikehald, skogforsikring og skogbruksplan. Les meir om det her.

Korleis fungerer dette i praksis?

  1. Når du planlegg å hogge skog eller å investere i skogen, bør du først rekne ut kor mykje som bør setjast av i skogfond (bruk Skogfondskalkulatoren). Men ikkje ver redd for feil. Set du av for lite, kan du betale inn ekstra, så lenge det skjer innan februar det påfølgjande året, les på Landbruksdirektoratet si nettside om ekstra innbetaling. Set du av for mykje kan du søkje kommunen om å få det tilbakebetalt.
  2. Du må melde til den som kjøper tømmeret ditt om kor mykje som skal setjast inn på skogfondkontoen. Resten ordnar dei. Om du sjølv sel direkte (material, ved, juletre o.l.), må du sjølv sørgje for å melde dette inn via Altinn. Meir om dette på Landbruksdirektoratet sin nettside.
  3. Når du har motteke faktura på tiltak som er utført i skogen, til dømes planting, ungskogpleie eller vegbygging, søkjer du kommunen om å få beløpet refundert frå din skogfondkonto. Pengane vert utbetalt til din bankkonto. Søk elektronisk her på Altinn.
  4. Utfører du sjølv arbeidet i skogen, til dømes planting og ungskogpleie, søkjer du kommunen om utbetaling av eit beløp som dekker eige arbeid, frå skogfondkontoen. Kommunane har oftast kommunale satsar for eige arbeid, så ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen før du søkjer. Du kan søkje elektronisk om tilskot og utbetaling av skogfond her.
  5. Skogeigarar som nytter skogfondkonto mottek ei kontoutskrift for skogfond når året er slutt. Opplysningar frå kontoutskrifta skal førast i rekneskap og i næringsoppgåve/skattemelding.

Utbetaling

Hugs at oppsparte midlar på skogfondskontoen ikkje akkumulerer renter i din favør, og at skattefordelen først blir utløyst når midlane går til dei nemnte tiltaka. Sjekk på kontoutskrifta om du har store beløp inneståande og samstundes udekte investeringar. Her kan skogfond utbetalast omgåande.

Skogkurs sitt rettleiingshefte “Skogfond  - Regler og tips for avsetning og smart bruk” er ei nyttig kunnskapskjelde.

Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skogfond.