Vindfall

Stormar og orkanar er noko vi må rekna med, og dei vil kome oftare og meir intenst i nær framtid, på grunn av dei pågåande klimaendringane. Dette vil skje innanfor ein normal bestandsalder, så dette er noko du må tenke på no. Det for oss kjende skogbruket er i ein endringsfase.

Skadar på grunn av storm skjer mest i dei kystnære stroka, og er størst i eldre skog. Men stormkasta kan feie langt innover land og i dalføra også. Ved sterkt vindpress ryk tre over ende, anten dei knekk eller ved at røtene gjev etter. Stormfelt skog er spesielt usett for følgjeskadar som insektangrep. Difor bør du som skogeigar vere rask med å rydde opp i dei skadde områda.  

Tettplanta granskog er spesielt utsett for stormfelling. Slik skog kan ha eit dårleg utvikla krone- og rotsystem, noko som  gjer granskogen lite motstandsdyktig når stormkasta kjem. Skog planta på 50- og 60-talet er nok for gammal til at avbøtande tiltak kan vere aktuelle å gjennomføre no. Likevel har du som skogeigar ein ny sjanse etter hogst, til å utvikle ein ny generasjon skog som toler storm betre i framtida. Skogbrand Forsikringsselskap har skrive om førebygging av stormskadar.
Kva som er dei rette tiltaka å gjere i skogen vil variere frå stad til stad. Uansett, vi treng meir forsking og fleire praktiske døme frå det aktive skogbruket.   

Du bør vurdere å forsikre skogen din, og du kan nytte skogfond til dette føremålet.

 

Stormfelt skog er farleg

Å opphalde seg og jobbe i liggjande skog etter storm er farleg. Oppryddinga eller hogst bør utførast av profesjonelle skogsarbeidarar, ettersom arbeidet krev kunnskap og erfaring. Alvorlege ulukker skjer i alle år med stormfelling. Ver varsam! Les meir om dette hjå Skogkurs.

Ønskjer du hjelp til den krevjande hogsten, kan du melde inn stormskadar til eit av tømmerselskapa, t.d. AT Skog, Nortømmer eller Fjordtømmer.

 

Motverkande tiltak

I følgje PEFC-standard er kantsoner heilt avgjerande for å auke skogen sin motstandskraft mot vindfall. Ved planting av ny granskog bør det settast av god plass til kantsoner, og generelt bør lauvtre og buskar dominere i denne sona. Etablering av slike areal må nok planleggjast meir nøyaktig, og vere tilpassa dei lokale tilhøva.

Spør skogbruksansvarleg i din kommune om råd.

Planta granskog vil ikkje vere ein rein granskog i framtida, og det vil auke bestandstryggleiken. Grupper av lauvtre i granskogen bryt opp dei vindutsette områda. Uansett bør du ta det viktige treslagsvalet for framtidsskogen din i samråd med ein skogfagkyndig.

Tett skog er meir utsett for vindfall. Tynning er ikkje vanleg på Vestlandet, men det er tilrådd å utføre sein ungskogpleie. Tre med lang grøn krone har større rotsystem og er dermed meir motstandsdyktig i møte med sterk vind.

Det er mogleg å nytte skogfond til skadførebyggjande tiltak etter vindfall. Les meir om dette hjå Landbruksdirektoratet og/eller søkje tilskot til miljøtiltak.

"Skogsmikado" i Bergen kommune, foto: Dirk Kohlmann, SFVL