Produksjonstilskot m.m.

Produksjonstilskot

Du som driv med sau kan mellom anna søkja om:

 

Tilskot til husdyr

Her skal du føra dyr du hadde på teljedato 1. mars og/ eller 1. oktober i søknadsåret.

 

Mjølkesau

Sau som er fødd i fjor eller tidlegare som er i mjølkeproduksjon der mjølka vert nytta som råstoff ved lokal foredling. Føretaket må kunna dokumentera at mjølka ver brukt som råstoff ved lokal foredling.

 

Tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar 

Sau, dalasau, blæsa sau, fuglestadbrokete sau, grå trøndersau, rygjasau og steigarsau. Dyra må vera registrert i Sauekontrollen med låst rasekode på teljedato 1. oktober.

Meir om bevaringsverdige saueraser finn du på NIBIO sine sider.

 

Tilskot til dyr på beite 

dyr som har beita i minst 12 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av det daglege grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting.

 

Tilskot til dyr på utmarksbeite            

dyr som har beita i utmark i minst 5 veker og som føretaket disponerte i den perioden dyra var på beite. Dyra må ha hatt tilfredsstillande beitemoglegheiter og hovuddelen av grovfôropptaket skal ha skjedd ved beiting i utmark. For sau skal det i tillegg førast opp sleppte og sanka dyr.

 

Areal- og kulturlandskapstilskot 

Før opp tal dekar fulldyrka eng, overflatedyrka eng og innmarksbeite.

 

Tilskot til økologisk landbruk

Her er ulike kodar for ulik produksjon; husdyr, grovfôr etc.

 

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid 

Her fører du opp om du søkjer avløysartilskot og sum nytta på avløysartenester. Du kan nytta avløysar som du sjølv har arbeidsgjevaransvar for, avløysar gjennom avløysarlag og/ eller kjøpa avløysartenester frå andre føretak.

 

Regionale tilskotsmidlar (RMP)

Som ein del av regionalt miljøprogram kan bønder i Vestland søke om regionale miljøtilskot til hausting av bratt eller veglaust areal, beitebruk, stølsdrift, skjøtsel av biologisk mangfald og kulturminne, og miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel.