Gransnutebille

Gransnutebille kan gjere stor skade på granplantefelt. Billene vert tiltrekte av ferske hogstflater og legg egg ved stubbane. Dei første 3-4 åra etter hogst er faren stor for ein snutebilleinvasjon.

Billene gneg borken spesielt på dei unge plantene, noko som hemmar veksten vesentleg, eller fører til at planta døyr.  

Skadeomfanget er sannsynlegvis avhengig av klimatiske tilfelle vi ikkje rår over. Ein tørr og varm vår aukar faren for billeinvasjonar, medan kalde og fuktige tilhøve hindrar larveutviklinga og gjer skadane mindre omfattande.

Gransnutebille må du som skogeigar alltid rekne med, når gran er hovudtreslaget og plantinga gjennomførast tidleg etter hogst. Diverre har vi ikkje tiltak som 100% hindrar billene i å gjere skade. Markflekking, skjermstillingshogst, endra plantetidspunkt, større planter, andre treslag og ikkje minst kjemiske og andre middel, vert nemnde som moglege tiltak.

Det er mogleg å nytte skogfond til skadeførebygging i skogen, mellom anna til å setje i gang tiltak mot skadeinsekt. Tilskot kan gjevast til både flaterydding og markflekking før forynging.

Meir info kan du finne på NIBIO si temaside. Skogkurs har laga ein rettleiar for markflekking.

Gransnutebillen spiser ynglingsmaten Foto: Torgrim Østgård / SFVL.