Skogsvegar

Om du skal hogge skogen din, er det ikkje usannsynleg at du også treng å byggje skogsvegar. Om skogen i tillegg ligg i bratt terreng er det også stor sjanse for at du både bør og må samarbeide med naboane dine. Jo større tømmervolum vegen løyser ut, jo rimelegare vert vegbygginga for deg. Og jo kortare terrengtransport av tømmeret, jo lågare vert driftskostnaden. 

Vi skil grovt mellom enkle vegar, traktorvegar for lastetraktor og bilvegar (og velteplassar). For dei to siste kategoriane er det gode offentlege støtteordningar gjennom kommunen. Ved at du høgg skog og køyrer ut på ein skogsveg, kan du i tillegg bruke skogfond med 85% skattefordel, noko som i praksis kan gjere veginvesteringa svært rimeleg for deg. I skogfondkalkulatoren kan du sjølv optimere resultatet ditt! 

Bygging av skogsveg er den største investeringa du gjer i skogen din. For å få den beste vegløysinga, er det viktig med god planlegging, både når og kor vegen skal byggast. Ta kontakt med skogansvarleg i kommunen for å få hjelp! Vegplanen må godkjennast av kommunen før det kan byggast. Kommunen handsamar også søknad om tilskot.

I skogbruket er det ingenting som hastar. Hogst og veg bør planleggast godt og i samarbeid med naboane. Store verdiar kan stå på spel ved manglande planlegging. Søk difor råd frå skogansvarleg i kommunen som også kan setje deg i kontakt med ein profesjonell vegplanleggar.   

Eit anna problem du kanskje vil møte, er standarden på den offentlege vegen tømmeret skal køyrast på. Dersom maks vogntoglengd er 12,4 eller 15 meter kan vegen ikkje køyrast med tilhengar, og det utløyser eit sokalla kippetillegg. Kort sagt må det køyrast 4 gongar so mange turar, og den samla slitasjen på vegen vert mykje høgare.
Ein del av den viktige planlegginga av skogsdrifta er også å kontakte kommunen for å undersøke om tillate vogntoglengd kan oppgraderast til 19,5 meter.

 

Avkøyringa er søknadspliktige.

Om du planlegg å opparbeide, endre eller utvide ei eksisterande avkøyring frå ein offentleg veg til ein skogsveg, må du søkje om løyve til det. Slike søknader vert handsama av Statens vegvesen når det gjeld riksvegar og av kommunen ved kommunale vegar. Fylkeskommunen får slike søknader når avkøyringa er til ein fylkesveg.

Men heldigvis: Søknadsskjemaet kan nyttast for alle vegar. I søknadsprosessen vert du ruta til rett instans når du vel eit punkt i kartet. Les meir om dette her.

 

For meir info om skogsvegbygging sjå også desse nettstadane: 

Skogsvei.no - nettstad om skogsvegar - Skogkurs og LMD

Landbruksvegnormalar - Skogkurs

Skogfond - Landbruksdirektoratet

Skogfondkalkulator - Skogkurs

Vegkart (veglista) - Statens Vegvesen