Vernskog

Vernskog er eit omgrep frå Skogbrukslova. Skog kan verne dyrka mark, skog og busetnader mot naturskadar, vêr og vind. Opp mot fjellet, ut mot havet eller langt mot nord veks skogen seinare og forynger seg ikkje så lett, her er skogen også viktig for å oppretthalde seg sjølv. 

I nyare tid har NVE - Norges vassdrags- og energidirektorat og andre kartlagt bratt areal for naturfare, og merksemda er meir og meir retta mot skogar som naturleg står der, eller som er planta. Skog oppfyller ein vernefunksjon om ein unngår snauhogst av store areal og såkalla gravedrifter. Også planting, skjøtsel og hogst av skogen må ha fokus på å stabilisere desse skogane og gjere dei varige og robuste. I slike tilfelle må volumproduksjon og tømmerinntekt få underordna prioritet. 

Å plante einsforma granskog som i dag har slike vernefunksjonar, er ei utfordring for både forvaltninga og skogeigaren.

I Vestland fylke går det for tida føre seg eit pilotarbeid, som vil sjå på juridiske, plantekniske og praktiske spørsmål knytt til slike skogar. Fram til no er det ikkje eigne tilskotsordningar til å ta vare på denne skogen på ein spesiell måte, men det vert diskutert i forvaltninga. Uansett vil desse skogane få ein endå større verdi i ei tid der klimaet er i sterk endring. 

Vernskog må ikkje forvekslast med omgrep som verna skog, skogvern eller frivillig skogvern. Om du har spørsmål om vernskog, kan du ta kontakt med Statsforvaltaren, skogansvarleg i kommunen eller Skogkurs

Kunnskapsstatus på dette feltet er godt dokumentert på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Kapittel 3 i Skogbrukslova om vernskog.

Landbruksdirektoratet skriv om regler for meldeplikt av hogst i vernskogområder.

NVE sin rapport om “Skog som vern mot naturfarer”