Regelverk er ein viktig del av velferdssamfunnet. For deg som gardbrukar kan det vere mange gjeldande lover og forskrifter. Hugs at du som bedriftsleiar er ansvarleg for at drifta føregår i samsvar med gjeldande regelverk. Landbrukskontor og rådgjevarar vil gjere sitt beste for at du får korrekt informasjon, men hugs at ansvaret ligg hos den som driv garden.

Regelverk kan vere lover, forskrifter, rundskriv og retningsliner. Rundskriv og retningsliner gjev meir detaljerte og utfyllande reglar enn lover og forskrifter. Dersom du ønskjer å slå direkte opp i lover og forskrifter, finn du dette på www.lovdata.no. Rundskriv og retningsliner for dei ulike ordningane finn du på nettsidene til det organet som forvaltar ordninga.