Tilskot og pensjon

Som sjølvstendig næringsdrivande innan landbruket kan ein søkje om tilskot til ulike ting. Tilskot er noko ein har rett på og ikkje krav på. Ein må oppfylle visse krav for å ha rett på ulike tilskot.

Ved søknad og mottak av tilskotsordningar er produsenten sjølv ansvarleg for at det ligg føre rett informasjon. Produsenten er også ansvarleg for å halde seg oppdatert på kva tilskotsordningar og fristar som gjeld til ei kvar tid.

 

Under finn du ei oversikt over ulike tilskotsordningar

Tilskotsoversikt for Vestland 2021

Tilskot jordbruk

Tilskot til kulturlandskap, klima og miljø

Tilskot til naturforvaltningtiltak

Tilskot skogbruk

Erstatningsordningar

Andre tilskot

Tilskot til klimatiltak

 

Pensjon

Som sjølvstending næringsdrivande i landbruket har du ingen anna pensjonsopptening enn den som følgjer av folketrygda. For dei aller fleste vil dette føre til kraftig nedgang i inntekt når ein vert pensjonist. På NAV sine nettsider kan du berekne din framtidige pensjon. Næringsdrivande kan teikne eiga pensjonsordning via bankar, forsikringsselskap eller liknande. Heile innskotet for tenestepensjonen kan førast som frådrag i næringsinntekta.

 

Tidlegpensjon for jordbrukarar

Brukarar som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk kan få tidlegpensjon frå fylte 62 til fylte 67 år. Også ektefelle kan ta imot tidlegpensjon. Den som tek imot tidlegpensjon kan ikkje eige landbrukseigedom eller ha næringsinntekt frå landbruk, men kan ta imot pensjon frå folketrygda og løn. Landbrukseigedomen må vere skøytt over på andre. Formålet er å bidra til lettare og tidlegare generasjonsskifte.

Les meir hos landbruksdirektoratet: