Offentleg og fagleg rådgjeving

Om du skal få hjelp må du vere aktiv for å få svar på spørsmåla dine. Her er ei kort rettleiing til kven som kan bidra med råd og hjelp til bonden. Lista er ikkje uttømande. For å få god fagleg rådgjeving må du ofte betale ein timepris. Hugs at gode råd ofte gjev deg betre inntening.

 

Offentleg rådgjeving – kven gjer kva i forvaltinga?

Kommunen er den offentlege rådgjevingstenesta som er nærast bonden. Kommunen har omfattande kunnskap på mange område, og kan mellom anna rettleie om tilskot og erstatningar i landbruket og om etablering og regelverk. Kommunen gjer vedtak om tilskot og kan gje ulike typar løyve i gardsdrifta. I andre saker kan kommunen tilvise til andre som kan hjelpe. Saker som er regulerte av statlege lovverk og reglar vert vedtekne administrativt i kommunen. Lokalpolitikarane si oppgåve er å handsama sakar innanfor kommunale saksområde, og å fremja næringsutvikling i landbruket.

Statsforvaltaren i Vestland skal hjelpe kommunane, kontrollere kommunane og bidra til positiv utvikling i landbruket. Statsforvaltaren er del av staten, og skal sørgje for at nasjonal politikk vert gjennomført i fylket, mellom anna på landbruk- og miljøsida. På enkelte spesialiserte fagfelt kan Statsforvaltaren bidra direkte til gardbrukarar og produsentmiljø som vil utvikle drifta, til dømes innan lokalmat og Inn på Tunet-verksemd. Statsforvaltaren er i mange tilfelle klageinstans for vedtak som er fatta av kommunen. Nokre typar tilskot eller løyve vert forvalta direkte av Statsforvaltaren, til dømes velferdsordningane, erstatning om offentleg pålegg og tilskot til utvalde naturtypar.

Vestland Fylkeskommune har mellom anna tilskotsmidlar til næringsutvikling, klimatiltak og kompetanseutvikling i landbruket generelt. Elles kan dei, til dømes gje, råd om skjøtsel rundt automatisk freda kulturminne og bidra til betre hjorteforvalting i kommunen. Fylkeskommunen er ikkje styrt av staten, men er eit folkevalt organ på regionalt plan.

Mattilsynet følgjer opp regelverk som går, mellom anna, på dyrevelferd og farlege sjukdommar hos plantar og dyr. Dei skal sikre trygg mat og trygt drikkevatn til forbrukarane, og set difor ulike krav til drifta.

Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet er støtte- og utgreiingsorgan for tilsvarande departement. Landbruksdirektoratet handsamar også klager på vedtak fatta av Statsforvaltaren. Direktorata har også nokre tilskotsordningar som kan vere aktuelle for gardbrukaren å søkje på, til dømes innan klima, miljø, biogass, genressursar og naturforvalting.

Innovasjon Noreg har tilskotsmidlar til investeringar og utvikling av føretaket.

Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeider med saker etter jordskifteloven. Jordskifteretten kan klarleggje rettstilhøve til fast eigedom og omforme eigedomar og rettar knytt til mellom anna veg og beite.

 

Fagleg rådgjeving

Ofte kan du få hjelp og meir kunnskap ved å spørje ein bondekollega om råd, t.d. mentorordning. Har du behov for meir fagleg rådgjeving bør du kontakte ein fagrådgjevar. Der du leverer plante- eller husdyrprodukta dine vert det som oftast også tilbydd fagleg rådgjeving. Leverandører av fôr og utstyr i landbruket bidreg også gjerne med faglege råd. I tillegg tilbyr Norsk landbruksrådgiving rådgjeving på mange felt.

TINE Rådgiving og Medlem tilbyr fagleg rådgjeving innan ein rekkje fagfelt til mjølkeprodusentar. TINE har og ansvar for oppfølging av geite- og kukontrollen.

Dei fleste store slakteria tilbyr fagleg rådgjeving, med vekt på kjøtproduksjon. Rådgjevaren på slakteriet kan også hjelpe deg med registreringar i husdyrregisteret, sauekontrollen med meir.

Norsk Landbruksrådgiving Vest tilbyr uavhengig fagleg rådgjeving innan ein rekkje fagtema, som til dømes grovfôrdyrking, frukt og bær, gjødsling, plantevern, HMS, økonomi, næringsutvikling og landbruksbygg.

AT Skog SA driv tømmeromsetnad, skogbruksplanlegging, vegplanlegging og rådgjeving innan skog og bioenergi.

Mange rekneskapskontor kan også bidra med gode råd.



Mentorordning 

Norsk Landbruksrådgiving (NLR) har ansvar for ei landsdekkande mentorordning. Tanken er at du som er ny bonde gjer ei formell avtale med ein erfaren kollega, som kan vere diskusjonspartnar for deg i drifta di, 
gjennom eit heilt år. Alle mentor-par vert tilknytt ein regionkontakt i NLR, og det vert gjennomført regionale samlingar, der nye bønder, mentorer og regionkontaktar i NLR møtest. Tilbodet er gratis for den nye bonden. Mentoren får godtgjersle for arbeidet.  I 2020 er det 121 mentor-par i landet. 

 

Faglaga

Som bonde kan du melde deg inn i eit faglag. Faglaga jobbar for å betre bonden sine villkår. Som medlem i eit faglag vil du få faglaget sine tidsskrift og du får høve til å delta på interessante medlemsmøte. Du kan sjølvsagt også vere medlem i eit faglag utan å vere bonde.

Vestland Bondelag

Sørlege deler i fylket:

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag

Hordaland Sau og Geit

Hordaland Gartnerlag


Nordlege deler i fylket

Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Sogn og Fjordane Sau og Geit

Sogn og Fjordane Gartnerlag

Lokale birøktarlag