Gjødsling, plantevern og avfall

Gjødslingsplan

For å ha rett til produksjonstilskot og tilskot frå Regionalt miljøprogram må du ha gjødslingsplan, som er oppdatert før kvar vekstsesong. Dersom det er liten forskjell på korleis teigane vert brukte frå år til år, kan du sjølv føre på eventuelle endringar og nytt årstal. Føretak med få dyr kan søkje kommunen om fritak frå kravet om gjødslingsplan.

 

Lagring av husdyrgjødsel

Pass på å ha nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel. Du må planleggje godt. Gjødselmengd frå kvart dyr og mengde vaskevatn vert ofte underestimert.  Det er krav om å kunne lagre husdyrgjødsel for minimum 8 månaders produksjon, men i praksis har du ofte behov for lagringskapasitet i 10 månader.

 

Bruk av husdyrgjødsel

Gjødsla bør berre verte brukt når graset veks og når du skal hauste avlinga etterpå. Det er fristar for kor tidleg ein kan gjødsle om våren og kor seint du kan gjødsle om hausten. Gjødslinga kan berre skje på godkjent spreieareal. Dersom du ikkje har nok spreieareal for gjødsla, må du inngå avtale om levering eller leige spreieareal. Spør kommunen om råd.

Les meir på våre nettsider om gjødsel og pressaft.

 

Autorisasjon for plantevernmiddel

Alle som vil kjøpe eller bruke plantevernmiddel i yrkessamanheng må ha eit gyldig autorisasjonsbevis. Ta først kontakt med kommunen for å høyre om du har rett til å kunne få slik autorisasjon. Ein kan ikkje få autorisasjon til kulturlandskapsskjøtsel eller hobbydrift. Når du skal ha bevis for første gang, består kurset av teoridel, obligatorisk praksisdag og eksamen. Teoridelen kan du, til dømes, ta på kurs hos Norsk Landbruksrådgiving Vest eller på jordbruksskulane. Du kan også ta det som sjølvstudium. Autorisasjonen gjeld i 10 år frå avlagt eksamen.

 

Sprøytejournal

All bruk av plantevernmiddel skal førast opp i ein sprøytejournal. Journalen skal mellom anna innehalde dosering, kva ein sprøytar mot, tidspunkt for sprøyting, vurdering av andre tiltak utan sprøyting og vurdering av tiltak for å redusere skade på vassmiljø.

 

Bruk av plantevernmiddel

Plantevernmiddel skal berre brukast slik det står på etiketten. Middel som ikkje lenger er godkjent for bruk, må du levere til avfallsmottak. Du må merke og varsle sprøyting som skjer langs veg, og om du ventar besøk på garden. Bruk av plantevernmiddel i utmark og i kantsonar kan krevje løyve frå kommunen. Sjå Å Drive gard/ Tiltak som krev løyve.

 

Avfall

Alt avfall frå landbruket er næringsavfall og må sorterast og leverast til godkjent mottak. Forsøpling på garden er ikkje lov. Dette gjeld også lagring av brukte gjenstandar som verkar skjemmande eller kan vere til skade for miljøet.

Det er forbode med fylling eller brenning av avfall på garden. Komposteringsplass for kassert fôr og anna organisk avfall må  plasserast slik at sigevatn ikkje går ut i bekk eller elv. I nokon kommunar kan det vere lov å brenne kvist og hageavfall. Spør brannvesenet. Daude dyr og slakteavfall må leverast til destruksjon. Det er ikkje tillate å grave ned slakteavfall utan løyve frå Mattilsynet.