Driftsplan og investeringar

Det å ha ein god plan skapar tryggleik for deg som bonde, og for eventuelle finansieringsinstitusjonar. Driftsplanlegging er ofte nøkkelen til suksess, og det minkar sjansen for at ein vert overraska over korleis det gjekk når ein ser resultatet.

 

Driftsplan

Ein driftsplan inneheld ei ressursoversikt der ein kartlegg areal, bygningar, maskiner og andre ressursar. Så lager du ein plan for korleis desse ressursane skal brukast.

I prosessen med å lage driftsplan vurderer du ulike driftsformer. Du får ei oversikt over kva produksjonsnivå du kan leggje opp til, og korleis ulike faktorar påverkar den økonomiske situasjonen på garden. Planen tek omsyn til storleik av tilgjengeleg areal, avlingsnivå, mjølkemengd per kyr, tal dyr, gjeldsnivå, andre inntekter osv.

Driftsplanar kan brukast til å vurdere effekten av ulike val. Du kan leggje til ulike faktorar og føresetnadar og berekne venta økonomisk resultat som følgje av ulike val.

Korleis vil resultatet verte påverka av auka avlingsnivå? Vil det løne seg for meg å bruke meir pengar på jordarbeid? Kva skjer med resultatet om eg kjøper ny traktor?

Det er særs viktig å utarbeide ein driftsplan når du vurderer større investeringar på bruket. Du må lage ei oversikt over alle endringar i kostnadar og inntekter som følgje av investeringa.

Ved større utbyggingar er teknisk plan, teikningar og gode kostnadskalkylar nødvendig i planlegginga og som vedlegg til søknadar om støtte frå Innovasjon Noreg og kommune.

Søknaden skal sendast til Innovasjon Noreg via kommunen, som vurderer søknaden.

Du kan få hjelp av Norsk Landbruksrådgjeving Vest eller andre til å utforme søknad om investeringstilskot.

 

Forretningsplan

Ein forretningsplan er ein utvida driftsplan, der ein mellom anna inkluderer marknadsforhold, likviditetsanalyse og anna. Forretningsplanen er særleg brukt når ein vurderer og planlegg for investeringar og drift av tilleggsnæringar.

Les meir hos Innovasjon Noreg.