Avløysar på garden

Lokale avløysarlag/landbruksteneste kan skaffe arbeidskraft til landbruket. I tillegg til reine avløysaroppgåver kan dei tilby vikar til vaktmestertenester og reingjering. Uansett om du brukar avløysarlaget eller anna leigd arbeidskraft, kan du få refundert ein del av kostnadane til avløysar.

 

Avløysing ved sjukdom og fødsel

Ein kan få refundert kostnadar til avløysing dersom ein person med næringsinntekt frå føretaket ikkje kan delta i arbeidet. Tilskotet kan gjevast under sjukdom, svangerskap, fødsel/adopsjon/, når sjuke born må følgjast til sjukehus/spesialist, dersom barnet har kronisk sjukdom eller ved dødsfall. Fristen for å levere søknaden er eitt år etter siste dag i perioden ein søkjer tilskot for.

Les meir hos Landbruksdirektoratet.

 

Avløysing for ferie og fritid

I husdyrproduksjon kan ein få refundert kostnadar til avløysing for ferie og fritid. Ein kan nytta avløysar som er over 15 år, og som ikkje har næringsinntekt frå garden. Ein har då arbeidsgjevaransvar sjølv. Ein kan også kjøpa avløysartenester frå eit avløysarlag, eller ein kan kjøpa tenester frå andre føretak. Det er felles søknadsskjema og søknadsfrist som produksjonstilskot.

Les meir hos Landbruksdirektoratet.