Korleis har du det i kvardagen?

Det vert færre og færre yrkeskollegaer i landbruket. Nettverket vert difor også mindre. Har du nokon å snakke med viss/når det buttar imot? Det er ikkje alltid så lett å innrømme at ein har eit problem, men får du problem med å stelle dyra dine, må du søkje hjelp.

Fastlegen din kan tilvise til både offentleg og privat helseteneste. Andre lokale helsetenester det er råd å kontakte for å be om hjelp:

  • Legevakt
  • Psykiatrisk helseteneste
  • Bedriftshelsetenesta – HMS

Les meir på faglaga sine nettsider www.godtbondevett.no/ for tips og råd. Du finn også info om HMS på Norsk Landbruksrådgjeving sine nettsider.