Landbruksplast

Rundballeplast utgjer ein stor del av plastbruken i landbruket. Plastforureining har uheldige konsekvensar for naturen rundt oss. Nedbrytinga skjer sakte, og plasten vert då til små partiklar som vert liggande i naturen og kan ende opp i bekkar, elver og i sjøen. Desse plastbitane er skadeleg for levande organismar. 

Det er viktig at du som bonde handterer landbruksplasten riktig og miljøvennleg. Både det å hindre spreiing av plast og å levere inn landbruksplast til gjenvinning er viktige tiltak. Dette er ditt ansvar. All landbruksplast er næringsavfall, og skal leverast til godkjent mottak. 

Kvart år brukar frivillige og kommunane  mykje tid og ressursar på å rydde opp i forsøplinga i naturen, langs vegar og rundt bustadområde. Når dei finn mykje landbruksplast gjev det eit dårleg omdømme for den norske landbruksnæringa.

 

Tips for handtering av landbruksplast: 

  • Unngå at mindre flak vert rive laus og tatt av vinden.
  • Samle plastavfall der det ikkje står i fare for å blåse bort.
  • Ikkje bland landbruksplasten med anna avfall.
  • Lever plast til eit godkjent avfallsmottak slik at det kan gjenvinnast.
  • Plasser rundballar slik at dei ikkje vert tatt av flaum. 
  • Plasser rundballar på ein stad der dei er mindre vindutsett. Sterk vind kan rive plastbitar av  rundballane.  
  • Unngå at hjorten får tilgang til og kan rive opp rundballane.
  • Du bidreg til betre plastgjenvinning ved å sortere, vaske og levere tørr plast til plastmottaka. Då bidreg du aktivt til at plasten kan brukast til ny plast.  
  • Det er gratis å levere landbruksplast hos innsamlarar som har avtale om dette med Grønt Punkt Norge. Det føreset  at plasten er riktig sortert og at den er rein. Slik plast kan brukst til materialgjenvinning, forureina plast  går til energiproduksjon.  

Du kan lese meir om korleis landbruksplast skal sorterast og leverast på nettsida til Grønt Punkt Norge. Du kan også ta kontakt med ditt lokale avfallsselskap for å få hjelp.

 

Landbruksplast etter Lov om vern mot forurensinger og om avfall (forurensningsloven) 

Landbruksplast er næringsavfall. Bonden er pålagt å levere den inn til eit godkjent avfallsmottak. Dersom garden eller nærområdet vert forsøpla av plast (eller andre gjenstandar) kan kommunen pålegge bonden å rydde opp. Dersom eit slikt pålegg ikkje vert etterkome, kan kommunen gjennomføre opprydding for bonden si rekning. Dette gjeld også på privat eigendom. Du kan lese om kommunen sine verkemidlar på nettstaden til Miljødirektoratet.