Samarbeid

Enklare og billegare

Samarbeid i landbruket er ønskjeleg. Det kan redusere kostnader og forenkle arbeidet. Dess større omfang samarbeidet har, dess større behov kan det vere for skriftleg avtale. Det finst avtalemalar for til dømes bytelåning av reiskap, maskinlag, felles gjødsellager, fôrdyrkingslag, beitelag og bygdeservice. For meir informasjon, kontakt kommunen, Norsk Landbruksrådgiving eller andre rådgjevarar.

 

Maskinsamarbeid

Maskinsamarbeid gjev lågare mekaniseringskostnadar. Det kan vere snakk om enkelt nabosamarbeid eller organisert gjennom maskinlag/maskinring. Eventuelt kan ein leige maskin eller arbeid frå entreprenør. Dersom ein vil starte opp eit maskinlag/maskinring, er det viktig med god organisering. Tenk gjennom korleis koordinering av bruk og vedlikehald skal organiserast og korleis utgifter skal fordelast.

 

Tett samarbeid kan gje redusert produksjonstilskot

Når samarbeidet mellom fleire føretak er så tett at ein reelt sett driv som éi verksemd, vil dette verke inn på kor mykje produksjonstilskot ein har rett til. Føretak i driftsfellesskap skal opplyse om det i søknad om tilskot. Dei kan anten levere kvar sin søknad eller levere ein felles søknad for samla dyretal og areal. Tilskotet skal utmålast felles for det samla dyretalet og arealet som vert disponert innanfor driftsfellesskapet. Føretak som opplyser om driftsfellesskap i søknaden vert ikkje avkorta i tilskot som følgje av feilopplysningar.