Miljøregistreringar i skog

Miljøregistreringar i Skog er ein metode for å finne og beskytte sjeldne og truga arter i skog.

I samband med taksering av skogen vert det registrert viktige livsmiljø for sjeldne og truga artar. Det kan til dømes være eit område med mykje død ved, gamle tre, rik bakkevegetasjon eller ein brannflate. Eit livsmiljø blir registrert som ein nøkkelbiotop. For kvar nøkkelbiotop blir det notert kva forvaltning som må til for å ta vare på nøkkelbiotopen. 

Når eit stort område (vanlegvis ein kommune) er kartlagt vil det bli føreteke ein utvalsprosess. I utvalsprosessen skal skogeigar få moglegheit til å kome med innspel. Dei viktigaste areala blir valt ut og skogeigar må ta vare på dei utvalde nøkkelbiotopane i skogdrifta. Skogeigar har òg ansvar for at det ikkje blir gjort skade på eit livsmiljø som ikkje er kartlagt. Difor er det greitt å få registrert desse livsmiljøa, så du veit kvar du må vise omsyn.

Miljøregistreringar i skog blir forkorta MIS, og difor blir ein utvald nøkkelbiotop ofte kalla ein MIS-figur.

 

Kvifor må eg ha MiS?

I følge forskrift om et berekraftig skogbruk (link) må skogeigar ha gjennomført miljøregistreringar før hogst:

-> §4. Miljødokumentasjon og miljøregistreringar

Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar,..

-> §5. Miljøomsyn ved skogbrukstiltak

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på…

Dersom du skal selje tømmer det være gjennomført miljøregistreringar på eigedomen din. Alle dei store tømmerkjøparane følgjer Norsk PEFC Skogstandard. PEFC-standarden krev at det er føreteke miljøregistreringar i skog (MIS). Du får derfor ikkje selt ein pinne utan miljøregistreringar.

 

Korleis får eg gjennomført miljøregistreringar?

Skogeigar kan anten tinge ein skogbruksplan med miljøregistreringar, eller få utført miljøregistreringar i samband med hogst. Det er berre mogleg å få tilskot til skogbruksplan med miljøregistreringar, og difor vil skogbruksplan oftast vere det billigaste alternativet.

Publisert 21.06.2023