Områdetakst

Det er mest vanleg at skogbruksplanar vert laga for alle skogeigarane i ein eller fleire kommunar om gongen, for å halde kostnadene låge. Dette vert organisert i ein områdetakst.

På heimesida til Statsforvaltaren kan du sjå status for områdetakst i din kommune (link)

Statsforvaltaren tek initiativ til oppstart i kommunen. I kvart takstprosjekt vert det oppretta eit takstutval. Eit takstutval består av lokale skogeigarar. Takstutvalet bestemmer innhald i prosjektet og lagar avtale med eit takstselskap på vegne av alle skogeigarane i kommunen eller i eit prosjektområde.

For å kunne produsere ein skogbruksplan må skogen fyrst takserast. Dette vert gjort i to steg. Fyrst gjerast ein fototakst der skogen vert inndelt i bestand. Eit bestand er eit område i skogen der alle tre er nokolunde like i alder og høgde.

Det finst mange ulike data som kan gi mykje informasjon i fototaksten: Flyfoto har gode bilete av skogen, laserdata gir høgde på trea, og satellittbilete kan brukast til å vurdere kor mykje tømmer det står i skogen.

Etter fototaksten kjem felttaksten der fagfolk vurderer skogen i felt og gjer miljøregistreringar. Ein fagperson vil då komme med tilrådingar til kva du kan eller bør gjere i skogen dei neste 10–15 åra. Det blir òg vurdert kvar tid det er mest økonomisk fornuftig å avverke skogen. Dette er viktig å vite når du skal vurdere eit tilbod om hogst.

Alle skogdata og registreringar leggjast i ein stor database. Frå databasen kan det hentast ut informasjon til skogbruksplanane.

Det er vanleg å registrere følgjande for kvart bestand:

 

Alder

Kor gamal er skogen i kvart bestand?

Treslag

Kva treslag veks kvar?

Volum

Kor mykje tømmer står det i min skog?

Tilvekst

Kor mykje meir tømmer kjem det i skogen kvart år?

Produksjonsevne/bonitet

Kor god er jorda mi for skogproduksjon?

Areal

Kor mykje gamal skog har eg, og kor mykje areal med god produksjonsevne har eg?

Miljøregistreringar i skog (MiS)

Kvar er det viktige livsmiljø eg må ta vare på?

Fleirbruksomsyn

Er det andre omsyn eg må ta i skogdrifta?

Hogstmodnadsalder

Når er skogen klar for hogst?

Behandlingsforslag

Er det trong for planting, suppleringsplanting eller ungskogpleie?

Sunnheit

Er det vindfall, tørkeskadar, hjorteskader m.m.?

Publisert 22.06.2023

 

Tidshorisont

Ein områdetakst er eit prosjekt som går over lang tid. Vanlegvis går det 3-4 år frå eit takstutval blir etablert til skogeigar får sin skogbruksplan. Vi forsøker å vente med å involvere skogeigarane til det er 2-3 år mellom tinging og levering.