Forynging av skog

Om du som skogeigar ønskjer kontinuitet i skogdrifta, er det viktig å forynge skog. Det vil seia at du sørgjer for at den neste generasjonen skog veks opp. I Skogbrukslova står det at du innan tre år etter hogst av skog skal syte for tilfredsstillande forynging på arealet. Om arealet skal nyttast til anna føremål enn skogproduksjon, må det avklarast med kommunen. 

Når skogen din vert hogd, må du tar eit val om korleis skogen skal sjå ut i framtida. Vert heile arealet teke ut i hogst, er det ofte naudsynt å plante eit treslag som veks opp til einsaldra bestand. På Vestlandet har vi i dag stort sett planta granskog. Tal granplantar på dei fleste veksestader vil då vere 250 planter per dekar. 

Nokre veksestader tillèt også foryngingsalternativ til gran. Til dømes kan næringsrik jord, sørvendte lier og særlege høgdelag gje potensiale for lauvtreslag i skogen din. Uansett kva alternativ du vel er det viktig at du tek omsyn til klimatiske utfordringar som storm, billeangrep eller frost. Dette vil redusere risikoen for skogskadar, og dermed produksjonstap. 

På nokre skogareal kan naturleg forynging av stadeigne treslag, særleg furu, vere mogeleg med rett planlegging og skjøtsel. Naturleg forynging kostar ikkje pengar i plantekjøp, men krev kontinuerleg tynning og avstandsregulering. 

For planting og forynging av skog kan du søkje kommunen om tilskot. 

Val av foryngingsalternativ og skogskjøtsel er ei krevjande oppgåve og føreset skogfagleg kunnskap og erfaring. Ta kontakt med skogbruksansvarleg i kommunen for råd og rettleiing. 
Les meir om norske treslag hjå NIBIO. 

 

Plantekvalitet  

Vi tilrår store, vekstkraftige toårige planter, helst voksa planter. Beste plantetid er tidleg vår. Her er forklaringa: 

Planter på nye plantefelt møter mange trugslar, så som snutebiller, kraftig vegetasjon, beiting av mus og hjortedyr, lange periodar med regn og overflatevatn, og langvarig barfrost og tørke, særleg om våren. 

Vi tilrår difor å nytte store planter som helst er voksa på nedre delar av stammen slik at snutebiller ikkje kjem til for å gnage på dei. Plantene må ha rett opphav (proveniens) og bør vere store og vekstkraftige.  

Snutebiller kjem i rikeleg monn på nye plantefelt og gjer stor skade. Billa overvintrar i bakken nær ferske stubbar av gran og furu, og treng næring med ein gong dei kjem opp. Den næringa finn dei først og fremst på dei nye, ferske plantene. 

Planter på hogstfelt bør vere minimum 15 og helst 20 cm høge og ha med ein liten rotklump frå dyrking i planteskulen. Denne bør helst vere såkalla M60 framfor M95. Det tyder at det er dyrka 60 planter på same areal som det også kan dyrkast 95 planter. M 60-plantene har hatt meir plass frå første dag og er dermed mykje meir robuste.
Toårige planter er meir robuste under tøffe klimatilhøve sidan stabilt vinterklima sjeldan finst på Vestlandet. 

 

Vårplanting – haustplanting 

Vi tilrår vårplanting på det sterkaste, då planta slik raskt kjem i gang med veksten. Haustplanting, med mykje nedbør og mildvêr over lang tid, stressar plantene som ikkje har fått rotfeste, forstyrrar vinterdvalen deira, og eignar seg best i snødekte område med stabile vintertilhøve. 

 

Markriving 

Snutebillene likar ikkje open mark utan vegetasjon. Dersom du riv vekk 15-20 cm av markdekket der du skal plante, så reduserer dette snutebille-skadane monaleg! Det tek litt lengre tid, men er ei verdfull investering framfor å suppleringsplante seinare.