Skogfond

Ved all hogst av skog i Noreg må skogeigar setje av mellom 4% og 40% av bruttoverdien av tømmeret. Generelt oppmodar vi skogeigar til å setje av om lag 10 % av tømmeroppgjeret. 

Avsetjinga vert kalla skogfond. Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondkonto som følgjer eigedomen, også ved eigarskifte. 

Skogfondet er ei særs gunstig ordning for skogeigar, ved at midlane kan nyttast til å finansiere nye skogbrukstiltak. Skogfond vert mest nytta til kjøp av planter, plante-arbeid, skogskjøtsel, delfinansiering av  skogsvegbygging og -vedlikehald, skogforsikring, skogbruksplan m.m. Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Skogeigarar får gode skattefritak på desse inntektsmidlane. Skogkurs har utvikla ein skogfondskalkulator slik at du kanskje forstår betre skattelegginga ved bruk av skogfond til ulike tiltak.

Kontakt skogbruksansvarleg i kommunen for faglege råd om skogfond.