Hjort

NIBIO har forska på verknader hjortebeiting har på planta skog. I rapporten «Beiteskade av hjort i foryngingsfelt og ung produksjonsskog av gran og furu» kan ein mellom anna lese at i foryngingsfelt vart skot på ein tredel av granplantene og kvar fjerde furu beita.

På gran i yngre og eldre produksjonsskog var det i gjennomsnitt borkgnag på 18% av trea. Dette saman med andre skadar reduserer forventa tømmerverdi kraftig, og vi må rekna med eit verditap på mellom 30 og 50%.

Konsekvensane for skogen er store, men viktigast er kanskje at mange skogeigarar ikkje ønskjer å plante skog att når “alt vert til hjortemat” likevel.

At hjorten gjer skade på våre kulturplanter er nok ikkje til å unngå. Men kva kan du som skogeigar gjere for å hindre omfattande skadar på skogen? I mange område vil nok ein kombinasjon av fleire tiltak gje den beste verknaden. Uansett er nok hjortebestanden for høg i forhold til tilgjengeleg beiteareal på mange lokalitetar. Auka jakt over tid vil vere naudsynt for å hindre skogskadar i framtida.

 

Jakt

Det raskast verkande tiltaket er å felle fleire dyr, særleg unge hodyr og kalvar. Samstundes er dette oftast det vanskelegaste tiltaket å få til sidan tenkinga rundt jakt er styrt av motstridande interesser. Hjort må i større grad sjåast som skogskadedyr og jakt som eit mottiltak om ein vil lukkast i framtida. Oppsettinga av jaktposter rundt plantefelta eller “fri kalveskyting” som for tida vert prøvd ut i nokre Vestlandskommunar, kan vere gode tiltak.

 

Gjerding

Høgare gjerder enn to meter er eit godt tiltak for å trygge nye skogplantefelt. Særleg plantingar av lauvtre vil vere svært utsett for hjortebeite utan gjerde. På Vestlandet er i dag alle skogplantingar, også gran og furu i faresona. 2-3 rundar med supplerande plantingar har blitt normalen.

Smarte bønder kan sikkert lage eit gjerde av restmaterialar frå det lokale sagbruket. Etter nokre år kan dette berre rotne opp i skogen, ei ekstra miljøgevinst. Hjortegjerde som kan kjøpast er kostbare, men veldig effektive tiltak.
Hugs: Du kan bruke skogfond og søke kommunalt viltfond eller Innovasjon Norge til hjortegjerde.

 

Utvide kosttilbodet

Eit enkelt tiltak for å minske presset på dine plantefelt er ei utviding av tilbodet med plantar som er føretrekt hjortemat. Ulike lauvplanter vil garantert stå på menyen. Plant treslag som platanlønn, selje, rognebær, ask, europeisk edelgran, bøk, eik og alm i blanding med gran eller i kantsoner rundt det nye plantefeltet. Innblanding av lauvtreslag har faktisk ein trippeleffekt – hjortemat, større økologisk mangfald og bestandstryggleik. Spør kommunen om råd og eventuelle tilskot.

 

Chilipeparpasta

Litt meir uvant er kanskje denne metoden. Tyske bønder anbefaler å lage ei blanding av olje og chilipulver, og smøre den på unge planter eller gjerdestolpar. Den sterke lukta held hjorten langt unna plantefelta. På regnfulle Vestlandet må nok smørjinga gjentakast fleire gongar dei første åra.

 

Utilverka saueull

Å bruke saueull – ei lukt rådyr og hjort ikkje er så glad i – er ein gamal metode. Granskota vert tulla inn i saueull. Også dette tiltaket har avgrensa verknad og må nok gjentakast etter ei viss tid når lukta forsvinn.

Vi kan også kjøpe “viltskydd” som er ei væske som lukter sau, som må sprøytast på plantene nokre gonger i året.

 

Turstiar

Nokre meiner også at turstiar kan hindra hjortebeiting. Hjorten er i utgangspunktet ikkje glad i menneskeleg støy. Stadig frekventering av folk i eit område vil endre trekkmønsteret til hjorten. Så ja, det kan få hjorteflokkane til å styre unna eit plantefelt, men sjansen er stor for at dei då vil stå i eit nabofelt.

 

Mekanisk avskrekking

Det finst fleire forskjellige typar “mekanisk avskrekking”, som kan vere små poser i biologisk nedbryteleg plast eller fiber som setjast på toppskottet. Desse kan beskytta planter i fleire år, men må justerast etter kvar vekstsesong.

Hjorteskadar i Kvinnherad kommune, Foto: Dirk Kohlmann, SFVL