Tiltak som krev løyve

Det er mange tiltak du må ha løyve for å gjennomføre. Her kjem ei liste med tiltak som er søknadspliktige:

 

Å ikkje drive areala

Det er krav til drift av alt jordbruksareal. Dersom du ikkje ønskjer å drive arealet i ein periode, må du søkje kommunen om fritak frå driveplikta. Sjå Å eige ein gard – Bu- og driveplikt.

 

Nydyrking, planering og mottak av massar

Dersom du skal dyrke opp eit nytt areal eller planere eksisterande areal, må du søkje kommunen om løyve. Mottak av jord og stein frå entreprenørar/ utbygging kan bidra til å få eit betre resultat ved dyrking eller planering.

Dess større prosjektet er, og dess større konsekvensar det kan gje for miljø og naboar, dess fleire krav vert stilt. Ver merksam på at jordmassar kan innehalde miljøgiftar og bygningsavfall. Du må unngå at jordpartiklar renn ut i vassdrag, og du må sikre at både drenering og jordstruktur vert utført slik at arealet er godt eigna for dyrking etterpå. Spør gjerne om hjelp frå kommunen eller landbruksrådgjevarar.

 

Kultivering av utmark til innmarksbeite

Bruk av husdyrgjødsel i utmark er normalt forbode. Dersom du har behov for meir innmarksbeite, kan du søkje kommunen om løyve for å bruke husdyrgjødsling som del av oppkultivering av utmark. Du bør då ha ein plan for gjerding og kultivering, som også viser kva tid innmarksbeitet skal vere ferdig til godkjenning i kommunen. Kommunen må registrere endringane i kart før du kan få produksjonstilskot for arealet.

 

Omdisponering frå skog til innmarksbeite

Det er plikt til nyplanting av skog innan 3 år etter hogst. Dersom du, i staden for, vil ta arealet i aktiv bruk til innmarksbeite, fell denne foryngingsplikta bort. Du må då søkje kommunen om omdisponering av arealet. Vanleg utmarksbeiting i skogen er ikkje søknadspliktig, dersom det ikkje inkluderer grøfting, planering, fjerning av stein eller andre tiltak. Ved beiting på skogsareal, utan at arealet vert gjort om til innmarksbeite, er det framleis krav til nyplanting.

 

Meldeplikt i artsrik slåttemark og kystlynghei

Du har plikt til å gjere deg kjend med om du har utvalde naturtypar på eige eller leigd areal, og kva som kan vere til skade for naturtypen.

Dei mest aktuelle utvalde naturtypane i landbruksdrifta er artsrik slåttemark og kystlynghei. På artsrik slåttemark må graset verte slått seint i sesongen og fjerna frå arealet, og du må unngå gjødsling. Oftast er det gunstig med kraftig beiting vår og haust. Kystlynghei må verte svidd, og beita med nok dyr.

Dersom du vil gjere andre tiltak enn dei som er tilrådd, må du sende melding/søknad til kommunen. Dette gjeld også for jordbrukstiltak som normalt ikkje krev løyve. Du kan ikkje utføre tiltaket før du har fått skriftleg tilbakemelding frå kommunen. Kommunen kan anten gje løyve, gje løyve med vilkår eller nekte at tiltaket vert utført. Gjødsling, graving eller opptråkking kan gjere skade. Døme på tiltak som krev melding/søknad  er difor beitebruk med mykje tilleggsfôring (gjødseleffekt), samt gjødsling, grøfting eller hestebeiting på artsrik slåttemark.

 

Skogsveg og andre landbruksvegar

Ved bygging av skogsveg eller annan landbruksveg må du søkje kommunen om løyve. Dette er regulert i landbruksveiforskrift.

Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksformål omfatter nybygging og ombygging av bilvegar og trakktorvegar som skal tene jordbruks- og skogbruksdrift. Forskriften er heimla i hhv skogbrukslova og jordlova. 

Av forskriften framgår at bygging av nye landbruksvegar og ombygging av eksisterande vegar ikkje kan iverksettast utan løyve frå kommunen. Søknad om løyve skal sendast kommunen på eige skjema. 

Forskriften omtalar mellom anna kva som meinast med ein landbruksveg og krav til standard, innhald i søknaden og vilkår som kommunen kan setje ved godkjenning og tilsyn.

 

Fjerning av steingard

Fjerning av steingard krev løyve frå kommunen etter forskrift om regionalt miljøtilskot og forskrift om produksjonstilskot. Steingard i god stand, og som er viktig for området, vil du ofte ikkje få løyve til å fjerne, men det er større grunn til å få løyve dersom det er viktig for drifta. Framfor fjerning av steingard, kan du også vurdere om det er aktuelt å setje den i stand. Du kan søkje kommunen om tilskot til dette. Steingardar eller restar av steingardar som er bygde før år 1537 er automatisk freda, og kan ikkje fjernast.

 

Fjerning av kantsone langs vassdrag

Det er ikkje lov å fjerne naturleg kantvegetasjon langs vassdrag. Naturleg vegetasjon gjer elva meir eigna som leveplass for fisk og andre organismar. Vegetasjon vil redusere avrenning av næring og jord frå landbruksareal. Kommunen kan avgjere breidda på vegetasjonsbelte, og Statsforvaltaren kan gi dispensasjon til fjerning. Det kan vere lov med noko skjøtsel i kantvegetasjonen, dersom det er viktig for å unngå utrasing av murar eller anna. Spør kommunen om råd. Du kan òg lese meir i rettleiar frå NVE. Ved nydyrking må du setje att 6 meter brei vegetasjonssone, der det er årssikker vassføring.

 

Lukking av bekk og andre inngrep i bekk og elv

Kontakt kommunen dersom du ønskjer å leggje bekk i røyr, kanalisere, ta ut massar, sikre mot erosjon, bygge flaumvoll, seinke elveløp eller anna i tilknyting til vassdrag. Du må, saman med kommunen, vurdere om tiltaket får konsekvensar for flaumfare, naturverdiar og kulturverdiar. Store tiltak kan krevje konsesjon frå Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE). Tiltak som kan skade fisk og andre organismar i ferskvatn krev løyve frå statsforvaltaren. Tiltak som ikkje kan gjere slik skade kan godkjennast av kommunen etter Forskrift om produksjonstilskot. Du kan få tilskot til å opne bekkar som tidlegare har vore lukka. All fjerning av grus eller masse kan gjere stor skade på elvemusling, gyteplassar for laks og sjøaure og anna liv i elva.

 

Bruk av plantevernmiddel i utmark og kantsonar

Dersom du skal bruke plantevernmiddel i utmark, må du søkje kommunen om løyve når arealet er 15 daa eller større. For mindre areal er det tilstrekkeleg å sende melding til kommunen. Bruk av plantevernmiddel i kantsonar er forbode med unntak av stubbebehandling. Du kan likevel søkje kommunen om løyve. Kommunen har eigne skjema for sprøyting i utmark og i kantsonar.

Les også om bruk av plantevernmiddel på Å drive ein gard – Gjødslingsplan og bruk av plantevernmiddel.

Les meir i forskriften om plantevernmiddel.