Økologisk

Alle som produserer og omsette økologisk honning må vere godkjend og sertifisert av Debio. Sertifiseringa er forankra i økologiforskrifta (Lovdata).

Birøkt kan bli Debio-godkjend i samanheng med anna økologisk drift, eller med eiga økologisk godkjenning berre for birøkt. For å bli Debio-godkjend, blir det mellom anna stilt krav til karenstid, biene sitt opphav, plassering av bikubane, fôring med meir. Krava blir godt forklart i rettleiaren for økologisk landbruk kapittel 4.

 

Kjelder