Sjukdom og skadegjerarar

God hygiene og friske bisamfunn er ein føresetnad for god produksjon av honning.

God hygiene og friske bisamfunn er ein føresetnad for god produksjon av honning. Førebyggande helsearbeid inngår derfor som ein viktig del av driftsopplegget i birøkt. Den enkelte birøktar har sjølv ansvar for å førebygge og avgrense sjukdomsutbrot på eigen bigard i høve regelverket.

Med førebyggande helsearbeid meinast det mellom anna reingjering og desinfisering av ustyr og anna materiell. Som birøktar må du i tillegg følgje eit regelverk som omfattar mellom anna registrering av bigarden, dyrehaldjournal og sertifiseringsordning ved flytting av bier. Dette er døme på tiltak som gjer førebyggande og avgrensande arbeid knytt til sjukdom lettare.

Nokre sjukdommar er meldepliktige og er omtala i Mattilsynet si nasjonale liste for sjukdommar i Forskrift om dyrehelse. Døme på meldepliktige sjukdommar/skadegjerarar på bier er lukka yngelråte og varroainfeksjon.

 

Plantesjukdommar

Bier kan spreie plantesjukdommar mellom planter. Av den grunn kan førebyggande og avgrensande arbeid knytt til plantesjukdommar omfatte restriksjonar knytt til birøkt. Døme på ein slik plantesjukdom er pærebrann.

 

Flytting av bier

Flytting av bier inneber auka risiko for spreiing av sjukdom og skadegjerarar. Bier som skal flyttast internt i Noreg, må derfor vere fri for sjukdom. Det er også restriksjonar knytt til kvar du kan flytte biene. Informasjon om regelverk knytt til flytting av bier finn du her.   

 

Kjelder