Oppstart

For å starte med bier treng du litt utstyr, eit bifolk, ein høveleg stad å plassere dei og registrere bigard hos Mattilsynet. Du må også skaffe deg kunnskap om fag og regelverk. Eit bifolk er ei kube med dronning og arbeidsbier.

 

Faglitteratur og regelverk

Det finst mykje og god faglitteratur om birøkt. Mellom anna finn ein nyttig informasjon om birøkt på heimesida til Norges Birøkterlag.

Som birøktar pliktar ein å sette seg inn i gjeldande regelverk knytt til dyrehald og matproduksjon. Mattilsynet har samla mykje god informasjon om dette på sine heimesider.

Alle birøktarar må registrerer bigarden sin. Informasjon om registrering av bigardsplass finn du her.

 

Kurs og samlingar

Norges Birøkterlag tilbyr nybyrjarkurs for dei som ønsker å starte opp med birøkt.

For å flytte og omsette bier, må bigarden vere sertifisert. Birøktarar som ønsker å sertifisere eigen bigard, kan - ved å gjennomføre kurs og bestå eksamen- bli godkjend som sertifiserte birøktarar. Informasjon om kurset finn du her.

Lokale birøktarlag arrangerer også kurs og faglege treff.

 

Mentorordning

Som ny produsent i landbruket kan du delta i Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) si mentorordning. Målet med ordninga er å hjelpe unge produsentar under 35 år eller nye produsentar innan landbruket eller landbruksbaserte næringar med kompetanseheving gjennom personleg rådgjeving i ein oppstarts- eller utviklingsfase.

 

Investering

Innovasjon Norge kan gje tilskot til investering og oppstart av bedrift. Du finn meir informasjon om ordningane til Innovasjon Norge her.