Pollinering

Bier oppsøker blomar med mål om å samle inn næring i form av pollen og nektar (UIO, 2011). Denne innhaustingsreisa frå blome til blome bidrar til at planter blir pollinert.

Pollinering er overføring av pollen frå pollenberar til arr. Denne overføringa er ein føresetnad for at det skal skje ei befrukting i planta og at frø skal bli danna. Pollineringa kan skje ved hjelp av vind, vatn, insekt, fugl med meir (Nyléhn, 2023). Pollinering ved hjelp av insekt blir kallar Innsektspollinering. Innsektspollinerande planter har ofte store blomar, men det er også nokre innsektspollinerande arter som har mindre blomster t.d. røsslyng (Nyléhn og Helgheim, 2022).

God pollinering er viktig både for ville planter og kulturplanter. For frukt- og bærprodusentar er ei vellykka pollinering essensiell på vegen mot å få ei haustbar avling. Fleire frukt- og bærprodusentar leiger derfor inn bikuber i felta sine for å sikre at pollinering skjer.

 

Kjelder