Produksjon og omsetting

Bier oppsøker blomar med mål om å samle inn næring i form av nektar og pollen. Nektaren består av både sukker og aminosyrer. Det er denne nektaren som blir omdanna til produktet honning (UIO, 2011).

 

Frå nektar til honning

Bier samlar inn nektar frå blomar ved å suge den opp og lagre den i ein utvekst i tarmen (kro). Denne nektaren blir frakta til bikuben og levert til arbeidsbier i bikuben fordøyar nektaren til råhonning. Råhonningen blir deretter lagra i sekskanta voksceller. Når råhonningen har tørka til eit vassinnhald på omtrent 20 %, blir den forsegla med bivoks. Denne bivoksen blir produsert i kjertlar på bakkroppen til biene (UIO, 2021).

Trekkgrunnlaget for bier er i ein radius på inntil 3 km frå bikubene. Avstanden er mellom anna avhengig av vêr og tilgang til nektar i området rundt bikubene (Norges Birøkterlag, u.å.).

 

Slynging og siling

Tidspunkt for innsamling av honning varierer avhengig av når blomstringsperioden er over, og på vassinnhaldet i råhonningen. Dersom vassinnhaldet er for høgt, er det fare for at honningen begynner å gjære. På Vestlandet er det vanleg å hauste sommarhonningen i juni og lynghonning i september.

Innsamling av honning blir gjort ved ein teknikk som heiter slynging. Slynging føregår ved at rammene med honning og bivoks blir plassert i ei honningslynge, der rammene blir sentrifugert. Honningen løsnar då frå ramma og samlar seg nedst i honningslynga.

Under slynginga vil noko av bivoksen løsne frå ramma og blande seg med honningen. Denne bivoksen blir fjerna frå honningen ved siling. Etter siling må det rørast i honningen kvar dag for å unngå at sukkeret krystalliserer seg. Når honningen er ferdig vert den fordelt i passande boksar/glas/krukker.

Dersom du leverer honning til Honningcentralen, leverer du honningen slik den er etter slynging (forutsett rett vassinnhald).

 

Honningutbytte

Mengd honning per bikube varierer i stor grad mellom birøktar, område og avhengig av årlege variasjonar som mellom anna vêr. I følgje Norges Birøktarlag blir det i snitt produsert om lag 25 kg honning per kube (Norges Birøktarlag, u.å.)

 

Sal av honning

Honning kan bli omsett direkte frå produsent eller gjennom Honningcentralen som er eit samvirke eigd av små og store birøktarar frå heile landet.

 

Kjelder

Kunnskapsdeling og nettverk

 

Mattilsynet: registrere plassering og undersøkte for teikn på visse bisjukdommar: https://www.mattilsynet.no/dyr/produksjonsdyr/bier

Registrering hos Mattilsynet - bigård og vandringsplassar

Vandrebirøkt: Dette må du gjere for å kunne flytte bier i Noreg