Frå prosjektering til byggestart

Før ein set spaden i jorda er det mykje som må planleggjast og avklarast. Denne fasen, planleggingsfasen, er spesielt viktig for å få eit godt resultat.

Då er det fornuftig å ha ein god sparringpartnar, gjerne ein nøytral rådgjevar som du kan drøfte ulike problemstillingar med. Kor stort skal bygget vera, korleis skal det sjå ut, kva slags tekniske løysingar ønskjer du og ikkje minst, kva er kostnadsavgrensinga i prosjektet. Ein god planleggingsfase før byggestart kan hindre unødige overraskingar og kostnadssprekkar. Då vil du få eit kostnadseffektivt bygg tilpassa garden sitt ressursgrunnlag.

 

Sjekkliste for deg som byggherre

Denne lista må du gjerne gå gjennom med ein rådgjevar.

  1. Kva er førmålet med bygget og korleis kan dette eventuelt vere fleksibelt i framtida?

  2. Kartlegge dine og garden sine ressursar. Er planlagd bygg tilpassa ressursgrunnlaget ditt og produksjonsomfanget på garden. Er planen realistisk?

  3. Utarbeide ein driftsplan som skal gje svar på om det er økonomisk forsvarleg å gjennomføre prosjektet. Planen kan òg brukast til å sikre finansiering gjennom investering frå banken. Dersom du vurderer å bygge i tre, undersøk moglegheitene for støtte hjå Innovasjon Norge.

  4. Skrive byggesøknad. Byggesøknaden treng du ikkje skrive før du veit kva som skal byggast og om det er mogleg å få det finansiert. Les meir om søknadsplikt på Direktoratet for byggkvalitet si nettside.

  5. Ha ein førehandskonferanse med kommunal sakshandsamar før innsending av søknad.

  6. Søk Innovasjon Norge om tilskot til trebruk i bygg (gjeld i 2022, men kan verte forlenga)

  7. Val av entrepriseform. Større byggeprosjekt kan med fordel "settast bort" til ein erfaren totalentrepenør slik at du slepp å detaljstyre prosjektet ditt.

  8. Utarbeiding av eit konkurransegrunnlag
     
  9. Som byggherre må du ha ein SHA-plan (sikkerheit, helse, arbeidsmiljø)

  10. Avklarings- og kontraktsmøte

  11. Utarbeiding av avtaleforslag

  12. Kontrahering av entreprenørar og leverandørar

Uansett kva slags byggeløysing du vel, er det avgjerande for å oppnå eit godt resultat at du brukar tid og pengar på ein god planleggingsprosess.

Limtre i reiskapsbygning - Beitstad, Trøndelag
Limtre i reiskapsbygning - Beitstad, Trøndelag Foto: Kristin Støren Wigum / Kristin Støren Wigum.

Sjekkliste for byggeprosessen 

  1. Sikre framdrift  
  2. Sjekke økonomi i prosjektet undervegs  
  3. SHA-koordinering  (Sikkerheit, helse, arbeidsmiljø), les òg hjå Arbeidstilsynet
  4. Overtaking og reklamasjon