Kva kan eg gjere sjølv?

Tre gjev størst utbytte til dei som kan nytte denne ressursen frå eigen skog.

Verdien av denne skogen er lik prisen av materialar hjå trelasthandlaren. Det reduserer ikkje nødvendigvis kostnaden i prosjektet, men trongen for «likvide» pengar kan bli mindre og må vegast mot meirarbeid med å ta ut skog, få tømmeret skore på sag, høvla og tilpassa byggeprosessen. For mange bønder er dette ei vellukka løysing.

Døme på prosjekt der gardbrukaren har gjort ulike delar av prosjektet sjølv finn du på nettsida til Trefokus.

Utstrakt bruk av tre kan gje fleksibilitet og gode resultat.