Gjenbruk av materialar

Du bør vurdere om det er mogleg å “oppgradere” eit gamalt bygg, bruke gamle materialar på nytt eller å bygge på for å få ned kostnadene. 

Mange vil vurdere til- eller påbygg, eventuelt ei ombygging av eksisterande bygg når dei vil gå frå bås- til lausdrift. Rådgjevaren kan hjelpe deg med å finne den beste løysinga for garden. Utstrakt bruk av tre kan gje fleksibilitet og gode resultat, sjå døme på gjenbruk.

Tre har ein lang tradisjon som byggemateriale i Noreg. Det er ein fornybar ressurs med mange viktige eigenskapar.