Prosjekteringshjelp

Du bør nemne i den første samtalen at du ønskjer å vurdere eit trebygg slik at rådgjevaren er klar over dine ambisjonar heilt frå starten.

Norsk Landbruksrådgiving er paraply- og serviceorganisasjonen for ti regionale rådgivingseiningar. Dei har òg medarbeidarar med kompetanse på landbruksbygg i tre.  

Tine, Felleskjøpet, Fjøssystemer og andre tilbyr rådgjeving og planlegging av driftsbygningar. Dei tilbyr gode tenester, lagar teikningar og kostnadsoverslag, og tek delvis hand om byggeprosessen. Felleskjøpet og Fjøssystemer kan òg levere byggematerialer til prosjektet ditt.

Du bør nemne i den første samtalen at du ønskjer å vurdere eit trebygg slik at rådgjevaren er klar over dine ambisjonar heilt frå starten. Det gjev best utgangspunkt for å vurdere kostnader for alternativa.

Uansett kva slags byggeløysing du vel, er det avgjerande for å oppnå eit godt resultat at du brukar tid og pengar på ein god planleggingsprosess. Prislappen for prosjektering varierer sjølvsagt frå bygg til bygg, men er vel anvende pengar.

Ved å nytte lokalt råstoff kan kostnader bli lågare, spesielt om du kan nytte virke frå eigen skog og regionale leverandørar.