Inneklima

Bønder som har jobba i trefjøs over lang tid, fortel om gode arbeidstilhøve og merkbart betre dyrehelse.

Mange har kjent på velvære frå inneklima i trebygg. Dette er det fleire årsaker til. Nokre av dei treng vi å utforske meir for å dokumentere.

Sjølv om vi ikkje har dokumentert kva inneklima i trebygg betyr for dyrehelse, har vi forsking som fortel om kva materialval betyr for folkehelsa, t.d. denne masteroppgåva frå NMBU om innandørsbruk av trevirke i helsebygg. Slike studium gjev oss grunn til å tru at avgassar frå trematerialar i bygg både kan redusere omfanget av sjukdomsfremjande mikroorganismar og verke tryggande samstundes. 

Kva som er det beste byggekonseptet for din gard kan du finne ut med hjelp frå ein rådgjevar.