Kven kan bygge eit slikt fjøs?

Ved å nytte lokalt råstoff kan kostnader bli lågare, spesielt om du kan nytte virke frå eigen skog og regionale leverandørar.

Rådgjevaren kan hjelpe deg med å finne potensielle aktørar. 

Er det fleire tilbydarar er det lurt å gjennomføre ein anbodsprosess. Ein rådgjevar vil kunne hjelpe deg òg med dette. Norsk Bygdesagforening er ein bransjeorganisasjon med oversikt over trearbeidande verksemder. På nettsida er alle fylke oppført med medlemsverksemder. Utover det finn du mange ulike større leverandørar av element- eller modulløysingar.

Det kan vere ein fordel å velje totalentreprise, slik at du har faste prisar å halda deg til. Har du tenkt å gjere delar av arbeidet sjølv, bør dette vere tydeleggjort tidleg i planlegginga.

Døme på ulike verksemd er:

Massivtre Vegg og takstol Slipplaft
WoodCon Talgø Bygg Solem Sag AS
Splitkon Are Treindustrier Østerdal Tre
XL3 bygg AS Andre takstolleverandørar Riska Sagbruk
Norsk Massivtre AS   Tinnoset Sag AS
    Telemarksfjoset