Klimasmarte løysingar

Etter kvart er det tilgjengeleg mykje smart teknologi, både i bygget og utandørs.

Ønskjer du å bygge eit nytt bygg med smarte løysingar er det nok klokt å be rådgjevaren å inkludere forslag om utnytting av solenergi på taket, tilrettelegging for varme frå flisfyring, vatn, transport, reinhald, avfallshandtering og framtidig vedlikehald. Etter kvart er det tilgjengeleg mykje smart teknologi, både i bygget og utandørs. Grøne tak kan vere ei moglegheit.

Statsforvaltaren informerer om nokre løysingar i Bondeboka

Solenergi på eit fjøstak i Vik, Vestland
Solenergi på eit fjøstak i Vik, Vestland Foto: Dirk Kohlmann / SF i Vestland.

Klimasmart

God agronomi er det viktigaste klimatiltaket på garden. Norsk Landbruksrådgiving har spesialiserte klimarådgjevarar. På nettsida klimasmart landbruk presenterer næringa sitt engasjement.