Kvalitetar i slike bygg

Tre har ein lang tradisjon som byggemateriale i Noreg. Det er ein fornybar ressurs med mange viktige egenskapar.

Kvalitetar Eigenskapar og erfaringar Referansar, rapportar, kjeldar
Isolering Våre stor- og småferasar har ikkje same krav til temperatur som menneskje, låge temperaturar rett over null er heilt innafor. Fjørfe og gris liker det varmare. Under kalde periodar gjev trebygg isolerande effekt, og på varme sommardagar kjølande effekt. NORSØK
Fukt Trevirke har stor evne til å absorbere og transportere fukt.

Trefokus

Treteknisk

Ammoniakk Tine har gjennomført målingar av ammoniakk i fleire ulike fjøs. Resultata i trefjøs med skrått tak og naturleg ventilasjon var null ammoniakkinnhald i lufta. Det er usikkert kva som er grunnen til det, men resultatet er viktig for folk, dyr og fôrkvaliteten.  
Støv

Ei treoverflate gjev lite støv til lufta, og trekk heller ikkje meir støv til seg enn andre materialar. Tørre treoverflater og naturleg utlufting i husdyrrom gjev svært lite støv.

Ein åsfri himling i tre gjev fordeler for ventilasjonen. Utan tverrgåande åsar vert luftstraumen frå vegg og opp til møne ikkje hindra.

 
Lyd Tre er akustisk dempande og reflekterer ikkje lyd som t.d. ståloverflater gjer. Ein konstruksjon i massivtre eller laft vil dempe lyden i fjøset vesentleg. Dyra er rolege og vert ikkje skremt av høge lydar frå vifter eller ekko og bankelydar i konstruksjonen.  
Hygiene
og smittefare 

Trefjøs kan vaskast ned med vanlege metodar tilpassa bruk og dyr. Treoverflater er smittedempande, men det er viktig å unngå rue overflater og opne skøytar.  

Massive glatte treoverflater kan med fordel brukast som smittehinder og seksjonering mellom buskapar av gris.
 
Brann

Trekonstruksjonar tek vare på bereevna si lenge, sjølv gjennom særs høge temperaturar. Dette gjer at massive treelement ikkje så raskt kollapsar under brann, som igjen gjer sløkkings- og redningsarbeid meir forutsigbart. Årsaka er at kollaget som dannar seg i yta til trebjelkar gjev den inste delen eit beskyttande lag mot flammane.

Det tyder på at om du prosjekterer eit massivt trefjøs etter forbrenningstid, bygger brannfarlege rom som tekniske rom utanfor, samt nyttar naturleg ventilasjon for å få ut røykgass ved brann, forebygger du at bygget kollapsar ved brann.

 
Byggeskikk Å bruke byggematerialar frå skogen på garden har lange tradisjonar. Kombinasjonar med stein, tre og betong er fornuftig ressursbruk og gjev estetiske bygg i kulturlandskapet. Her bør  leverandørar utfordrast i endå sterkare grad.  
Levetid
til bygget

Med høg kvalitet på byggematerialar vil bygget få lang levetid. I tillegg kan ein i eit trebygg lett̊ skifte ut defekte delar og slik forlenge bygget si levetid. 

Bygg med lang levetid er lønsame både for økonomien og for miljøet.

Grønn Byggallianse
Vekt og forankring Trefjøs er lette bygg som er enkle å sette opp. Dei må forankrast mot oppløft av vind. Punktfundament og søyler sørger for dette. Overgangen mellom punktfundament og søyler, samt overgangen mellom søyler og takkonstruksjon må sikrast med jernbeslag og skruer.  

Materialtilgang og 
leverandørar

Utvalet av leverandørar har utvikla seg dei siste åra. I dei fleste regionane finst produsentar av prefabrikkerte løysingar i tre, enkle tradisjonelle trebygg eller bygg som kombinerer materialar. Her kan rådgjevingstenesta gi hjelp til å finne fram. Tilpassingar til ditt prosjekt – nybygg, påbygg eller rehabilitering – er enkelt å få til om prosjekteringa så tidleg som mogleg tek omsyn til dine ønskjer. sjå under leverandørar
Økonomi

Avhengig av tilgang på ressursar frå eigen skog, eigeninnsats, prefabrikkerte løysingar og entrepriseform, vil prisen variere. Erfaringa så langt er likevel at trealternativet er konkurransedyktig samanlikna med andre konstruksjonsmaterialar.  

Innovasjon Norge stør trefjøs med tilskot. Eit viktig framtidig økonomisk argument er ombruksverdien, at tremodular og -element lett kan gjenbrukast.

Sjekk hjå Innovasjon Norge

 

Vestlandsk grantømmer er eit godt råstoff til bruk i alle typar bygg
Vestlandsk grantømmer er eit godt råstoff til bruk i alle typar bygg Foto: Dirk Kohlmann / SF i Vestland.
Fjøs med utsikt i Telemark
Fjøs med utsikt i Telemark Foto: Elin Akre Tellum / Innovasjon Norge.
Takstolar i eit reiskapsbygg, Trøndelag
Takstolar i eit reiskapsbygg, Trøndelag Foto: TreeCon.