Kva er klimasmarte bygg?

Som bonde veit du at du både må produsere økonomisk og ta vare på dei naturgjevne ressursane.

Klimavennlege, sirkulære og økonomiske tiltak på garden krev moderne og langsiktige løysingar. Dette er framtidsavgjerande for garden, produkta derifrå og for samfunnet rundt. 

Klimasmarte landbruksbygg er ei god investering på fleire måtar. Materialval er avgjerande for klimafotavtrykket i prosjektet. Tre som byggemateriale er eit naturleg, fornybart og klimavennleg val, ettersom tre lagrar karbon over tid, og utsleppa frå trelastproduksjon er lågare enn for alle andre konstruksjonsmaterialar. Tre er landbruket sitt eige konstruksjonsmateriale, og tilhøyrar ei verdikjede som det er ønskje om å styrke, òg frå nasjonalpolitisk hold. Årsaka er mellom anna den store klimavinsten ein får ved å erstatte ikkje-fornybare byggjematerialar med tre, spesielt i konstruksjon. 

Tre som byggjemateriale har òg ei rekke andre fordelaktige eigenskapar i tillegg til klimavinsten. Fleire av desse er det skrive om her. Men først og fremst er dette laga som ein guide gjennom prosjektering og byggeprosess. Du finn kontaktinfo til gardar og leverandørar på nettsida til Trefokus

Kva er dei viktige spørsmåla ved nybygg eller rehabilitering av eksisterande bygg?

Dyrevelferd er viktig for folka på Søndre Lundem gard i Viken
Dyrevelferd er viktig for folka på Søndre Lundem gard i Viken Foto: Trygve Bore / Fjøssystemer.