Klimagassrekneskap

God rehabilitering av eksisterande bygningsmasse er noko av det mest klimavenlege du kan investere i når det gjeld bygg.

Landbruket og gardbrukaren er viktige samfunnsaktørar. Dei skal redusere klimagassutslepp og nå måla i Parisavtalen med 50% kutt i utslepp innan 2030. Difor får landbruket ein eigen klimagasskalkulator som skal hjelpe den enkelte bonde til å nå eigne mål. Viktig å merke seg er at kalkulatoren reknar utslepp frå drift, og ikkje frå investeringar. 

Nokre relativt enkle grep kan gi store utslag på klimagassutsleppet, som t.d. gjenbruk av material og element og bruk av tre i bygg og konstruksjon. Enda betre er det med bruk av lokale byggematerialar, kanskje til og med frå eigen skog.  

God rehabilitering av eksisterande bygningsmasse er noko av det mest klimavenlege du kan investere i når det gjeld bygg. Og til sjuande og sist er det sjølvsagt viktig at prosjektering av nye bygg sjåast i samanheng med bruk av areal, plassering i forhold til infrastruktur og anna drift på garden. God og effektiv logistikk på garden gjennom heile året gir lågare klimautslepp.  

Så langt det let seg gjere skal vi unngå tap av dyrkbart areal til utbygging på garden eller til annan infrastruktur.

All produksjon av byggeprodukt og -materialar fører til miljøpåverknad i ulik grad. Kva gir lågast utslepp?