Offentleg støtte

Du eller rådgjevaren din bør ta kontakt med det regionale Innovasjon Norge-kontoret for å få ei vurdering om du kan søkje tilskot til byggeprosjektet ditt.

Innovasjon Norge har ei ordning med ekstra tilskot for bygg i tre for tradisjonelle landbruksproduksjonar. Ordninga gjeld førebels for perioden 2020 - 2022. 

Slik vert ordninga omtala på nettsida:

Støtteordninga gjeld nytt areal i form av tilbygg eller nybygg. Tre må vere hovudmateriale i vegg og takkonstruksjonar.

  • Massivtre, laft, slepplaft eller bindingsreisverk i kombinasjon med takstolar, buer, åsar eller andre takløysingar i tre:
    Inntil 20 % ekstra tilskot avgrensa til kr. 400 000.
  • Kombinasjon med andre byggematerialar der tre er hovudmateriale:
    Inntil 10 % ekstra tilskot avgrensa til kr 200 000.

Innovasjon Norge vurderer grunnlaget for ekstra tilskot uavhengig av om det er søkt om det eller ikkje.

Ulike rådgjevingstenester kan tilby hjelp til prosjektering og gjennomføring av slike bygg. Ta kontakt med ein eller fleire for å få dei best moglege råda for ditt prosjekt.

Fornybar energi

Ønskjer du utover dette òg å satse på fornybar energi på garden, så kan denne ordninga vere relevant for deg.