Dei viktige spørsmåla

Ta ein realitetssjekk på garden sine og dine eigne ressursar. Kva kan eg få til? Kva er dei viktige spørsmåla ved nybygg eller rehabilitering av eksisterande bygg?  

  1. Er kostnadene forsvarlege?
  2. Møter dette bygget framtidige krav om t.d. lausdrift?
  3. Oppfyller bygget I-mek-krav (Innandørsmekanisering)?
  4. Kan eg utføre arbeid sjølv under bygginga og seinare i driftsperioden?
  5. Løyser bygget framtidige energi- og teknologiutfordringar?
  6. Er materialane eigna for gjenbruk eller driftsendringar?
Sauefjøs for 150 vinterfôra sauer, Vaagen, Rauland
Sauefjøs for 150 vinterfôra sauer, Vaagen, Rauland Foto: Elin Akre Tellum / Innovasjon Norge.

God rehabilitering av eksisterande bygningsmasse er noko av det mest klimavenlege du kan investere i når det gjeld bygg.